I 2012 budde eg eit halvt år i Kathmandu, og når eg no er tilbake, to år etterpå, er det mange av mine nepalske venner som anten har eller skal flytte utanlands. Nokre for å studere, men flesteparten for å jobbe. I Nepal migrerer dagleg over 1700 menneske ut av landet[i]. Mange av desse er unge nepalarar på jakt etter arbeid, og for mange går reisa til land i Persiabukta som Bahrain, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata.

At unge nepalarar søkjer ut av landet var eit tema som vart tatt opp fleire gonger i løpet av workshopen vi Spire-representantar nettopp har deltatt på i Nepal, med tittelen Engaging Youth in Research and Development. Workshopen var organisert av LI-BIRD (Local Initiative for Biodiversity, Research and Development), ein nepalsk NGO som arbeider for å betre livsgrunnlaget til fattige på landsbygda og marginaliserte småbønder. LI-BIRD ynskte å få idear til korleis dei og andre organisasjonar i større grad kan involvere unge i sitt arbeid. Fleire nepalske ungdomsorganisasjonar som arbeider innan felta jordbruk, klima og matsikkerheit var inviterte til workshopen. Og Spire! Det var ein svært fin bukett av engasjert ungdom som delte tankar og visjonar om framtida i Nepal, samt gode diskusjonar kring korleis ungdom kan bidra til løysingar på utfordringar knytt til klimaendringar og jordbruksutvikling i Nepal.

Spire i Nepal

Mange glade workshopdeltakarar. Den nepalske regjeringa definerer ‘youth’ som alle i alderen 16-40 år. På workshopen dekte vi heile aldersspennet. Foto: LI-BIRD

 

Spire var ein av dei fyrste organisasjonane ut til å presentere sitt arbeid. Vi hadde i tillegg fått førespurnad om å dele ei suksesshistorie frå vårt arbeid. Vi valde å fokusere på kampanjen for eit framtidsombod, og fortalde om og viste bilete frå hinderløypa for ei bærekraftig framtid som Spire bygde framfor Stortinget i kampanjeuka denne våren, eit byggverk som bestod av nærmare 400 pallar. Det fyrste spørsmålet vi fekk då vi var ferdige var: »what did the police do? didn’t you get problems, didn’t it get violent?» Dette spørsmålet sette tankane mine i sving. Det er ikkje det fyrste spørsmålet eg ville komme på å stille i ein liknande situasjon. Faktisk er det ganske langt ned på lista over spørsmål eg hadde komme på og stilt. Det seier noko om kor ulike kontekstar vi som ungdomsorganisasjonar i Noreg og Nepal arbeider i.

Spire i Nepal

Vi presenterer Spire! Foto: LI-BIRD

 

Klimaendringar er eit tema som har stått sentralt på workshopen, både for gruppediskusjonane og for fleire av suksesshistoriene organisasjonane presenterte. Nepal er eit av dei landa som er mest utsatt for naturkatastrofar, både når det gjeld jordskjelv, klimaendringar, flod og jordskred. I grupper diskuterte vi korleis ungdom kan bli meir involvert i forsking og utvikling. Svært mange deltakarar peika på viktigheita av å implementere den kunnskapen vi lærer. Dette bringer meg igjen tilbake til poenget eg gjorde innleiingsvis, om det store talet unge som årleg reiser ut av Nepal for å søkje lukka i andre delar av verda. ’Brain drain’ er ei kjend utfordring for mange utviklingsland. Korleis kan vi motverke denne trenden?

Spire i Nepal

I grupper diskuterte vi korleis ungdom i Nepal kan og bør involverast i forsking og utvikling.

 

På workshopen fekk vi høyre eit inspirerande foredrag om ungt entreprenørskap i Nepal som eit mogleg svar. Nepalaren Tulsi Giri presenterte verksemda han har stått i spissen for å bygge opp, the Bazaar, ein marknad for sal av økologisk, kortreist mat. Tulsi var opptatt av potensialet til lokale matsystem som eit alternativ til internasjonal import, eksport og transport. Innleiingsvis gjorde han eit poeng av at det ikkje handlar om å mobilisere dei unge, men å involvere dei, slik at dei saman kan bygge noko. Ei utfordring han har møtt i si verksemd er at dei unge han sysselset etter få månader, når dei har tent opp nok pengar, seier opp jobben for å dra utanlands. Difor, forklarte Tulsi, må dei unge involverast som entreprenørar, slik at dei skal ynskje å bli i landet og investere sin kreativitet og sitt pågangsmot i Nepal heller enn å reise ut.

Det er ingen tvil om at nepalsk ungdom er full av kreativitet og engasjement for å saman forme den kvardagen og verda vi lev i. Diskusjonane vi har hatt gjennom workshopen  viser at sjølv om vi står ovanfor ulike kontekstuelle utfordringar i vårt arbeid i Noreg og Nepal, deler vi måla om ein berekraftig og rettferdig bruk av ressursar, samt viktigheita av å inkludere og fremme synspunkta og stemma til dei unge. Alt engasjement og pågangsmot hos ungdommane vi har vore i lag med dei siste dagane fekk meg til å ynskje at eg kunne vere ‘forever young’, og at eg var i byrjinga av 20-åra heller enn å nærme meg slutten.

Tusen takk til LI-BIRD, ved Lise Bjerke og Camilla Sæbjørnsen som er på Fredskorpset-utveksling mellom Utviklingsfondet til LI-BIRD, for å invitere oss på workshopen, og takk til alle deltakarar for eit realt påfyll engasjement og inspirasjon! Klikk her for å sjå ein kort video LI-BIRD har laga frå workshopen.

 

Skrive av Ingvild Mangerud, internasjonalt utval i Spire.

[i] http://nepal.iom.int/jupgrade/index.php/en/iom-nepal

 

Reklamer