Frå eit forureina og støyete, dog sjarmerande, Kathmandu, har me komme til den fredelege oasen Pokhara. Her ser det ut til å vere fleire syklar enn bilar – dette lovar godt! Me var båe spente på det vesle propellflyet som skulle fly oss inn til Pokhara by. Utsikten ned til alle vegar som snirklar seg opp og ned dei brattaste fjellsider i Nepal er fascinerande. Med snøkledde Himalaya i bakgrunnen var det ein fryd.

Pokhara

I Pokhara er ikkje trafikken på langt nær så intens som i Kathmandu

 

Me to spirene (Anbjørg og Ingvild) er glade for å vere på plass i Nepal, her me skal bruke den neste veka til å bli betre kjende med Union for Nature Conservation (UNC), som er ein nepalsk ungdomsorganisasjon som jobbar mot å auke nepalsk ungdom si merksemd mot og kunnskap om eit bærekraftig levesett, samt bevaring av biologisk mangfald.

 

Me har stått opp klokka 04.00 for å sjå soloppgangen over Kathmandu. Tikkaen i panna skal bringe oss hell og lykke i vårt arbeid i Nepal.

Me har stått opp klokka 04.00 for å sjå soloppgangen over Kathmandu. Tikkaen i panna skal bringe oss hell og lykke i vårt arbeid i Nepal.

 

I dag hadde me vårt fyrste møte med UNC. Dei fleste UNCarane studerar skogbruk på universitetet og er ein gjeng engasjerte ungdommar. Me fekk omvisning på campus der UNC held til ved Institute of Forestry, der me blant anna fekk sjå planteskulen til UNC.

 

På planteskulen gror UNC tre og planter som seinare omplantast ute i naturen

På planteskulen gror UNC tre og planter som seinare omplantast ute i naturen

 

Ein svært karismatisk og engasjerande leiar av UNC gav oss ein god introduksjon til temaa og arbeidsmåtane til UNC, medan vi presenterte Spire sitt arbeid for våre nepalske venner. Me har diskutert likskapar og skilnader mellom korleis vi ungdommar kan tilnærme oss politikarar i Nepal og Noreg. UNC var opptatt av at demokratiet si utvikling i Nepal gjennom dei siste åra har opna opp nye dører for ungdomsorganisasjonar til å bli høyrd i den politiske debatten. Me gler oss til å lære meir om UNC sitt arbeid gjennom dei neste dagane! Kanskje er det ein framtidig samarbeidspartnar vi deler bord med – vi er her i allefall for å undersøke og diskutere moglegheitene for eit framtidig partnarskap mellom UNC og Spire.

 

Spire-Anbjørg i lag med representantar frå UNC

Spire-Anbjørg i lag med representantar frå UNC

 

Her er det varmt og tidvis regnvått – men grønt og fint! Omgitt av hyggelege menneske og god mat er humøret på topp. Me kan ikkje tenke oss ein meir spanande måte å tilbringe juni 2014 på.

 

Lake Pokhara

Utsikt over Lake Pokhara

 

Skrive av Anbjørg Tovsrud og Ingvild Mangerud, medlemmar av internasjonalt utval i Spire.

Advertisements