Spire - Stormøte 2014 - referat fra kjøkkenet
Med kvitlauks luktande fingre og ein sliten kropp kjenner eg at det er godt at Stormøtet er unnagjort for i år. Eg har vore kokk, så her kjem mi evaluering av korleis helga har vore.

For det første må eg sei at det er betrakteleg betre å vere kokk på Stormøtet enn på hyttetur, tre grunnar fro det er:
– ordentleg oppvaskmaskin som berre tok nokre minutt
– plass på benkar og kjøleskap til å oppbevare all maten og om ikkje det var nok,
– stormøtet var midt i sentrum, så kvar gong noko mangla var det berre å snike seg ut og så inn igjen utan at nokon merka noko (ikkje at noko vart gløymd).

Når vi i Spire går rundt og snakkar om korleis vi vil gjere verda meir bærekraftig og korleis vi alle må gjere vårt for at ikkje menneske skal sulte i hjel er det viktig for oss å vise dette ikkje berre gjennom ord, men og handling. Det betyr at vi blant anna berre serverar vegetarmat på arrangementa våre, i tillegg kastar vi så lite mat som mulig, tar vare på restar og gjev ut det som blir igjen av varer til deltakarane på Stormøtet. Når ein skal servere vegetar mat til 40 personar der dei fleste ikkje er reinspikka vegetariananar, er det viktig å vise kva godt som kan lagast utan kjøt. Leiting på internett og spesielt på vegetarbloggen.no resulterte i denne smakfulle menyen:

Lunsj laurdag:
Linsesuppe med chilisaus

Middag laurdag:
Tikka masala

Lunsj sundag:
Sopp stroganoff

Ein stor takk til Mari Hult som har skrevet vegetarbloggen, det er en fantastisk side hvor alle rettene er veganske! I tillegg er Mari sykt flink til å få alt til å virke enkelt og overkommelig, så ta en titt på bloggen hennes!

Spire - Stormøte 2014 - referat fra kjøkkenet 2Lunsjen på laurdag gjekk ned på høgkant og folk forsynte seg fleire gongar, det er hyggeleg! Heldigvis for meg var vi to på kjøkkenet på laurdag, ellers hadde nok aldri maten blitt ferdig i tide. Vi fordelte oppgåvene og kutta opp lauk og chili i lange baner. Så åt vi litt, før vi vaska, rydda og starta på nytt med oppkutting av diverse ingredienser til middagen.

Under innkjøp av varer på fredagen rakk vi ikkje kjøpe nan brød, så det fekk min medkokk ansvar for å skaffe på laurdagsmorgonen. Lite tekte eg på at det å skaffe nan brød til 40 stykk er ikkje ein einmannsjobb. Heldigvis var mannen i butikken veldig hjelpsom og var med heile vegen tilbake til kontoret med varene, det var snilt gjort! Så vi vil takke han hjelpsomme mannen på Ny Anatolia.

Mykje av dei øvrige matvarene blei handla inn på Rema 1000 og då fekk vi låne med oss handlevognene tilbake til kontoret. Godt var det, for maten føltes som den vegde minst eit tonn! Alt han i kassa ville var at vi kom tilbake med vognene etter bruk, noko vi sjølvsagt gjorde.

Kjeks
Utvalget av kjeks uten palmeolje var temmelig lite på Rema 1000, og når man skal handle inn til 40 stykker kan man ikke bare plukke fra hyllene uten å bry seg om innholdet. Det resulterte at vi etter ein time med leiting etter kjeks med lite palmeolje sto igjen med berre to kjekstypar, det var Rema 1000 sine Orange cookies, og Oreo kjeks. Lurar du på korleis vi sjekka kjeksen? Vel grøn kvardag har laga ei liste som ligg på nettstaden deira,  så då fann me ein kjekspakke, deretter leita me den fram i lista. Lurar du kanskje på kvifor vi ikkje ynskjer å kjøpe mat med mykje palmeolje? Les denne saka frå NRK, den forklarar litt av problematikken.

Etter ein lang laurdag på kjøkkenet med matlaging, oppvask og mykje jobbing var kokkane godt slitne, nøgd med innsatsen og forventningsfulle pynta me oss difor like gjerne og stakk på konsert! Lemaitre (http://www.lemaitremusic.com ) spelte for eit fultsatt Oslo spektrum, stemninga var god, musikken bra og kokkane koste seg siste rest av dagen!

Sundag var eg aleine på kjøkkenet. Eg starta med kaffi snacks før eg gjekk i gong med potene. Det var 6 kilo sol skulle skrellast og det tok si tid. Deretter sto soppen for tur. Det tok ikkje altfor lang tid før eg oppdaga at sopp tok tid å kutte. Heldigvis var det meir enn berre ein person som gladleg hjelpte til. Kristoffer Robin frå klimanettverk var ein av dei som tilbrakte i overkant av ein halvtime på kjøkkenet med oppkutting. Han hadde holdt ei helingstale til Stormøtet og var eigentleg på veg til å gå, men så hadde han litt tid til overs. Det var kjempe snilt! Karen, Trine og Anna var også av dei som la ned tid på kjøkkenet og godt var det, for utan hjelpa hadde maten kome på bordet minst to timar etter det den gjorde. Til neste år vil eg anbefalle kokkane å skrelle fleir poter og kutte meir sopp, for all maten var borte nesten før rullekaka var komen ut av omnen! Fleir ville ha meir mat, men gryta var reinslikka.

Så alt i alt ei slitsam, men veldig fin helg på kjøkkenet! Eg anbefallar sjølvsagt alle til å vere kokk til neste år (slik at eg heller kan delta på sjølve stormøtet). Eg kan friste med at ein som kokk lærar seg mykje om forskjellige alternative ingrediensar for folk som har allergi, ein lærar seg å nytte hanska når ein kuttar mykje chili og best av alt, så får ein tilbrakt ei heil helg med verdas beste organisasjon!

Skriven av Kine Gjerstad Eide