Kampanjen for eit framtidsombod er over, og det slår meg her eg sit og mimrar over alt det fine me fått til at endå har ingen skrive om kampanjen på rim! Eg tok saka i eigne hender:

I Kick-off
fyrste dagen me stasa oss til fest
hadde invitert alle frå klokkar til prest

fekk kloke ord, veggiswraps og svingande musikk
ikkje minst appellar og nydeleg nynorsk lyrikk

Spire _ framtidsombud

II Framtidskafé i Ås
i ås er det mange miljøbevisste, grøne studentar
kvar fredag lagar dei mat som frå container dei hentar

me vart invitert til å snakka om saka vår
og fekk flust av gode innspel av dei som på NMBU går

III Trondheim
i bartebyen byggjer dei mange nye hus
der det før var poteter, legg dei masse grus

kommunepolitikarar kom på debatten vår og sa
at eit framtidsombod faktisk kunne vore nokså bra

IV Hinderløypa
av pallar me hadde trehundreogfemtisju
desse bygde me til hinderløype, hendene blei ru

viste rett veg for karin, bård vegar og ola
spanderte kaffi og muffins, men ikkje cola

Spire - Framtidsombudet - Bård Vegar Solhjell - Stortinget Hinderløpe

V Debatt på Litteraturhuset
barneombodet i noreg heiter anne lindboe
på siste debatten kom nestleiaren hennar, ikkje ho

saman med høgres bru og spires mari
avrunda han kampanjen langt over pari

VI Lobby
me har møtt så mange politikarar at eg nesten har gløymd navna
var det terje, håkon, gudrun? kjenner nokon seg savna?

fellesnemnar for desse: dei er dei mest stressa folka
etter møte om ombod skulle dei teke seg ein polka

VII Sivilsamfunnsrørsle
greenpeace, fagforbundet ungdom og bondelaget
er nokon av dei nye organisasjonane som meiner spire har draget

av støtteorganisasjonar har me totalt trettiseks,
steike satan som me veks!

Spire - Framtidsombud t-skjorter
VIII Opprop
målet var å få underskrifter tusen
her viste masing seg å gjera susen

nokon trong telefon, mail og personleg møte
for å gå inn på spireorg.no og vera litt søte

IX Filmar
me ville laga filmar som illustrerte framtidsombodets gode poeng
til dette formål sette me av ein god del peng

me hyra inn geir og jonas frå NISS
dei gjorde ein god jobb, filmane er ikkje noko piss

film

X Utvalet
christina, charles og lene
synneva, marit og malene

hadde ikkje blitt mykje kampanje utan dei
om du ser dei, gje ein klem, takk, og ver generelt grei

Spire - Framtidsombudet -Kampanjeutvalg  - Stortinget
Takk for meg! Om du vil lesa ei oppsummering av kampanjen som ikkje er på rim (altså den keisame versjonen), finst det ein her.