Kampanjegruppa leikar ikkje kamp for å oppretta eit framtidsombod.

Som ein kvar ekte kampførar har me brukt mykje tid på å legga strategiar og planar for vårens kampanje. No er me endeleg i gang med å setja planane ut i livet! Kampane har teke til frå fleire hald (det gjeld å ikkje satsa alt på eit kort, som meisterstrategen Bismarck sikkert sa ein gong), difor er me på Stortinget og på gata, på nett og på organisasjonsfronten.

Her legg me slagplanar saman ein laurdag over ein kopp kakao:
Spire - Framtidsombud
Dei siste vekene har me sprunge opp og ned trappene på Stortinget i ein freistnad på å få politikarane like gira som oss på Framtidsombodet. Men me treng ikkje berre å ha politikarane på laget, me treng sjølvaste folket i ryggen (nokon vil kanskje innvenda at politikarane trass alt representerer folket, men det er ikkje godt nok for denne gjengen). For å nå ut breitt er me i gang med å laga ein filmsnutt der representantar frå fleire generasjonar fortel kvifor dei meiner at Norge treng eit framtidsombod. Denne har me fått hjelp til å laga frå to dyktige filmstudentar, så me har trua på at resultatet blir bra.

Dersom du vil få med deg premieren av denne filmsnutten må du koma på alliansemøtet vårt 18. februar kl. 16.00 – 18.00 i 5. etasje på Miljøhuset. Dit har me invitert alle dei 30 organisasjonane og alliansane som støttar kampanjen. I tillegg kjem jurist Pål W. Lorentzen for fortelja om det rettslege grunnlaget til Framtidsombodet og styreleiar i LNU, Norges barne- og ungdomsorganisasjonar, Stian Seland kjem for å snakka om kvifor dei (med sine 96 barne-og ungdomsorganisasjonar i ryggen) støttar Framtidsombodet.

Kampanjemedarbeidar Christina på filmlocation:
Spire Framtidsombud video
Tilbake til kampføringsmetaforen: Sjølve dødsstøyten (eller i Framtidsombodet sitt tilfelle: LIVSSTØYTEN) set me inn i kampanjeperioden som tek til i slutten av mars! Sett av onsdag kveld 26. mars til kick-off på Kulturhuset og måndag 7. april til debatt på Litteraturhuset! Meir info om alt det andre kjekke me skal finna på kjem etterkvart.

Alt godt frå kampanjegruppa!