Grytidleg laurdag 26. oktober troppa den eminente kampanjegruppa opp på Miljøhuset med det mål for augo å vri hjernane våre. Vri ut kva då, tenkjer du kanskje? Gode idear sjølvsagt! Helst av det kreative, løysingsorienterte, underfundige, og billige slaget.

Utgangspunktet vårt var fylgjande: Det norske folk vil sjølvsagt ha ein helt som sørgjer for at rettane til borna og barneborna deira blir ivaretekne. Denne helten heiter framtidsombodet. Men korleis skal me få det norske folket til å innsjå at det dei vil ha er framtidsombodet?

Takka vera litt proff hjelp frå kampanjemedlem Malene, som har sjekka ut kva kampanjar som har fungert i andre land, kunne me konkludera med at kjensler er svaret me leitar etter. Me treng rett og slett at kjenslene til det norske folket vert sette i sving, og at den einaste måten desse kjenslene finn sitt utlaup er i kravet om eit framtidsombod.

Spire - Framtidsombud - Vårkampanjen 2014

Kampanjegruppa fann her mykje inspirasjon i det britiske samfunnet for verning av fuglar. Sjølv om ingen i kampanjegruppa er særleg opptekne av fuglar til vanleg kunne ein kikk på deira kampanjar få ein til å vilja ofra høgrearmen for å redda ein fugleart. Desse britiske fugleentusiastane veit å spela på kjenslestrengane ja!

Forutan å få oppretta eit framtidsombod vonar denne kampanjegruppa å skapa den mest kjensleladde kampanjen i Spire si historie. Det bør her nemnast at kampanjegruppa er merksame på at ikkje alle kjensler er bra kjensler. Ein kan ikkje bli for romantiske til dømes, og vert det for rørande, forsvinn kanskje bodskapen i tårene. Og er ein for sint, blir kanskje folk minna på Liv Signe Navarsete. Og om ein vert for intellektuell blir ein jo stempla som bokorm utan kontakt med røynda. Her er mange kjenslemessige fallgruver!

Takk og lov for engelske fuglefantastar! Me hugleikar dykk. Me hugleikar også framtidsombodet, og me hugleikar oss sjølve, som altså sette av ein laurdag (midt i heimeeksamen for nokon!) til å myldra idear.

Innlegg av Lina Hamre, Kampanjeleiar for Spires Vårkampanje 2014

Advertisements