I samanheng med Spire sin haustkampanje #StoppNorskLandran arrangerte Spire Ås eit seminar torsdag 26.september. Det var eit av fleire arrangement den veka som tok for seg tema rundt landran. Seminaret i Ås fokuserte på berekraftige landbruksinvesteringar og ville setje lys på ulike syn og måtar å sjå dette temaet.

God stemning mellom paneldeltakarane allereie! Debatten var alt godt igang :)

God stemning mellom paneldeltakarane allereie! Debatten var alt godt igang 🙂

 

Som ein introduksjon til seminaret fortalte kampanjekoordinator Eivind kort om kampanjen og målet med den.

 

Kampanjekoordinator Eivind fortel om #StoppNorskLandran kampanjen

Kampanjekoordinator Eivind fortel om #StoppNorskLandran kampanjen

 

I panelet hadde me tre deltakarar. Poul Wisborg frå UMB, Øystein Botillen frå Yara og Aksel Nærstad frå Utviklingsfondet.

Sjølv om tonen var god, vart debatten heit mellom deltakarane

Sjølv om tonen var god, vart debatten heit mellom deltakarane

 

Poul introduserte omgrepet landran og risikoen for dette når selskap og andre land investerer i jord i fattige land. Han nemnde både svekka lokal matvaresikkerheit og brotne lovnader om kompensasjon som typiske problem som kan oppstå under slike investeringar. Han gav også uttrykk for stor skepsis til jordbruksindustrien si evne til ta omsyn til småbønder, sidan deira fremste fokus er profitt.

Øystein fortalte om korleis Yara har utvikla seg dei siste åra. Han la vekt på at investeringar i landbruk er viktig for Afrikanske land, men at investeringane må vere gjort på ein ansvarleg og god måte. Ein god global dialog er viktig for å sikre dette og her kan Yara spele ein viktig rolle. Elles har Yara to framgangsmåtar når dei investerer i jordbruk. Dei kombinerer sal av kunstgjødsel med den naudsynte kunnskapen til å bruke det. Dei støtter også opp under jordbruksnæringar som inkluderer småbønder som treng tilgang til marknader.

Aksel la vekt på kor viktig småbøndene er både for lokal matsikkerheit og for det biologiske mangfaldet. Jordbruket burde ha fokuset på småskala drift, der ein bruker lokale resursar og tek vare på mangfaldet. Han åtvarar mot det han kalla «the old way» som innebær storskala monokulturar og plantasjar. Dei siste 60 åra har jordbruket mista 75% av diversiteten og jorda har vorte degradert. Dette kan ikkje halde fram seier Nærstad! Han utrykkte også skepsis til Yara si evne til å vere ein pådrivar for berekraftige metodar, når deira hovudmål er å auke salet av kunstgjødsel.

Mykje folk møtte opp på Spire Ås sitt første seminar!

Mykje folk møtte opp på Spire Ås sitt første seminar!

Det var over 60 personar som møtte opp på Spire Ås sitt første seminar dette semesteret! Mange internasjonale studentar tok turen og det var folk i alle aldrar. Med salen full av engasjerte mennesker, god kake og godt program var stemninga på topp denne torsdagskvelden.

Godt med kake på ein torsdags ettermiddag

Godt med kake på ein torsdags ettermiddag

 

Etter programmet vart mange ståande att for å diskutere og få med seg enda litt meir informasjon om Spire. Mange signerte oppropet mot landran den kvelden 😀 Dette er tydeligvis noko som engasjerer på Ås! Spire Ås har masse anna kjekt på programmet utover hausten. Så me gler oss til ein fin og innhaldsrik haust!

Reklamer