I skrivande stund er ei lita gruppe spirer på Civil Society Mechanism (CSM) i Roma. CSM er sivilsamfunnet si førebuing til møtet i FNs Matsikkerhetskomié, og her skal sivilsamfunnet koma frem til felles standpunkt, bli einige om korleis desse skal frontast og kva for strategiar dei skal ha for å få gjennomslag for synspunkts sine.

Image
Spire-teamet utanfor FAO-hovudkvarteret.

CSM streber etter å ta avgjerder gjennom konsensus. CFS sin generaldirektør oppfordra sivilsamfunnet til å ta raske avgjerder:  ”Hungry people are always in a hurry. Make decisions before all land is grabbed.”

Lite overraskande syner det seg vanskeleg å ta raske avgjerder rundt vanskelege tema, og i starten av møtet vart det diskutert korleis CFS faktisk skal kunne fylla sin funksjon. Nokre problem som vart tekne opp var kven som har mandat til å snakka for kven, og det at dei mest matusikre gruppene generelt er underrepresentert. Økonomiske barrierar vart nemnd, så vel som den doble språkbarriera: Både byråkratspråk, og begrensinga til engelsk, fransk, spansk og portugisisk som konferansespråk gjer deltaking vanskeleg for for eksempel småskala bønder og fiskarar.

Image
Henriette, Nora og Eivind i plenumsalen.

Etter ei generell innleiing i plenum vart deltakarane delt inn i tre arbeidsgrupper. Me delte oss i to: Eivind og Elyse drog på arbeidsgruppa om landbruksinvesteringer, mens Nora og Henriette dro på arbeidsgruppa om Biodrivstoff.

Arbeidsgruppa for landbruksinvesteringar tok opp to tema som skal forhandlast om på CFS: Investeringar i småbønder og prinsipp for ansvarlege landbruksinvesteringer (rai). Prinsippa for ansvarlege landbruksinvesteringar er særleg relevant med tanke på landrankampanjen. Prinsippea skal bli vedtekne på CFS i 2014, men mykje av grunnlaget vert lagt på årets konferanse. Arbeidsgruppa diskuterte kva slags investeringar me ynskjer, kva for investeringar som må regulerast og kva slags investeringar me bør avvisa. Me diskuterte kva for prioriteringar sivilsamfunnet bør gjøre i forhandlingane, dvs. kva for prinsipp me ikkje akseptera at skal utelatast. Det mest interessante er at arbeidsgruppa går inn for at prinsippea skal være juridisk bindande, med overvakingsmekanisme og disiplineringssystem. Dette er eit sterkt krav som kjem til å møta mykje motstand frå regjeringar, men er likevel naudsynt for at prinsippa skal ha gjennomslagskraft.

Arbeidsgruppa for biodrivstoff var relativt liten, og me starta rett på redigering av sivilsamfunnet sine forslag til endringar i vedtaksdokumentet for CFS. Det heile var skremmande raskt og effektivt – kanskje ikkje så rart sidan enkelte i rommet har arbeidd med temaet i årevis.  Det var breid konsensus om at biodrivstoff har negativ effekt på matsikkerheita. Samstundes er det inga tvil om at mange utanfor sivilsamfunnet ikkje deler denne oppfatninga, og at interesser står på spel i spørsmålet om biodrivstoff. Det kan bli svært spennande å sjå kor mange endringsforslag sivilsamfunnet får gjennom på mandag og tirsdag.

– Skrive av Nora Bækkelund, koordinator for matutvalget og Eivind Breidlid, leiar av landrankampanjen.
Foto: Elyse Leonard