I dag bur over halvparten av alle menneske i byar. Sidan det vanlegvis ikkje vert produsert mykje mat i byar, og sidan naturlege system slik som vasskrinslaupet har vorte kraftig modifisert i vårt forsøk på å nytta både land- og vassressursane maksimalt, kan bybebuarar generelt reknast som meir ”matusikre” enn folk på landet. Dette gjeld særleg dei fattigaste, og enno meir dei fattigaste i ei fattigaste landa. Dersom den einaste maten ein har tilgang på er den ein kan kjøpa, kan effekten av fluktuerande matvareprisar bli fatal.

Tanken er altså at dersom ubrukte areal i byen vert nytta til å produsera mat vil innbyggjarane bli litt mindre sårbare ved brå endringar i matproduksjonen (nasjonalt og internasjonalt). Ekspertpanelet til FNs mat- og landbruksorganisasjon uttrykker det slik: ” Food and nutrition security for the urban poor and vulnerable will require special adaptation strategies including the potential for innovative urban agriculture and decentralized urban development.” Typiske eksempel vil vera å planta mat på flate tak, i hagar, bakgårdar og langs jernbaneliner, men enkelte tek òg til orde for å planleggja byar med plass til matproduksjon.

I tillegg til å auka matsikkerheita vil bruk av bylandbruk (”urban agriculture”) ha andre positive effektar som jord og planter generelt har. Jord held lenger på vatn enn asfalt, og planter drikk vatn. Ved store nedbørsmengder vil grønt i byen gjera at vatnet gradvis sig ut i gatene eller ned i grunnvatnet, heller enn at alt renn nedover gatene samstundes. Slik må det meir vatn til før det vert eit problem.

Det heile er ein slik vakker fantasi, og vert berre betre dersom me òg tek med i rekninga at menneske, dyr og insekt likar planter, og at bylandbruk dermed kan ha positive effektar både på mental helse og biologisk mangfald. Men manglar denne idéen realisme?

Eg har lagt merke til ein del planter i ulike byar rundt om i Europa. For eksempel sit eg i skrivande stund i Berlin. Berlin kan seiast å vera ganske grøn. Byen har mykje ubrukt areal og mange parkar, for ikkje å snakka om mange unge og radikale innbyggjarar som likar grønsaker. Kva er så resultatet?

Det vert planta mykje på små areal rundt om kring. Det er koseleg og insektlivet blomstrar, men det har ikkje store resultat i form av mat.

Spire - bylandbruk - solsikker

I Lisboa kom eg over denne hagen. Den var ikkje særlig dekorativ, men den var full av matplanter og kompost. Her kan det nok vera snakk om matutbytte for dei involverte!

Spire - Bylandbruk - Hage i Lisboa

Og kva så i Oslo? Me har fått ein svært dekorativ hage midt i Spikersuppa. Den er lekker og omtrent like nyttig som solsikkene i Berlin.

Spire - Bylandbruk - Spikersuppa

Ved Urtegata på Grønland er det ein kjempesøt liten hage som MAJOBO har sørga for. Den hadde mykje mat på eit lite areal, og det beste av alt er kanskje at det ser ut som alle tek godt vare på grønsakene i denne hagen. Slike prosjekt har stor opplæringsverdi, men det må nok større areal til før me verkeleg kan snakka om matsikkerheit. Taket på Alna senter, for eksempel.

Spire - Majobo - bylandbruk Oslo

 Innlegg av Nora Bækkelund, Spires Matutvalg. Foto: Nora Bækkelund og Elyse Leonard