Då er undervising starta og semesteret er i gong. Sjølv om UMB er ein liten utdanningsinstitusjon er engasjementet og drivkrafta hjå studentane ikkje noko mindre her enn andre stader, kanskje heller tvert om!

Spires stand på Graskurset vart godt besøkt.

Graskurset er hendinga der alle nye studentar får innsikt i dei ulike aktivitetane, foreiningane og lokallaga som finst blant studentmassane, deriblant Spire Ås. Med noko drahjelp frå Kjernegruppa og andre Spire-medlem fekk vi spreidd ordet om både Spire og komande informasjonsmøte på Ås. Interessa var stor og maillista har sjeldan vore så lang.Dei oppmøtte verka interesserte og fleire gode spørmål dukka opp.

Vi på Ås vil halde fram med å arrangere gode seminar, engasjerande debattar, sosiale kveldar utover hausten og gjerne med haustkampanjen Landran som ein raud tråd gjennom det heile. Planen for arrangementa er ikkje heilt satt enno, det skal dei nye medlemma få lov å vere med å bestemme, men eg er sikker på at det blir ein spennande haust.

Vel møtt til dei nye medlemma og vel møtt til dykk som er ute etter å få meir kunnskap – det blir mykje bra på Ås i haust!

Innlegg av Siri Eikerol, leiar ved Spire Lokallag Ås. Fotograf: Lina Hamre.