Spire jobber aktivt for etableringen av et Framtidsombud. For andre år på rad er Framtidsombud Spires hovedkampanje.

Spire jobber aktivt for etableringen av et Framtidsombud. For andre år på rad er Framtidsombud Spires hovedkampanje.

Kampen for opprettinga av eit framtidsombod er Spire sin hovudkampanje også for 2014! Etter at Spire i år tok til orde for etableringa av ein ombodsperson for framtidige generasjonar, har me fått med oss over 30 andre sivilsamfunns- organisasjonar. Ombodet skal ha som oppgåve å fremja rettferd mellom generasjonar og jobba for å sikra langsiktig politikk og grunnleggjande rettar for etterkomarane våre.

Framtidige generasjonar vil merka til det fulle konsekvensane av politiske avgjersler tekne i dag. Det vil påverka deira moglegheiter til å møta økonomiske, sosiale og miljømessige utfordringar. Det har også blitt rekna på at jo lengre me ventar med å setje i gang klimatiltak, jo dyrare vil det bli. Ei meir langsiktig politisk tilnærming vil difor vera fordelaktig for både noverande og framtidige generasjonar.

Miljølovnadane haglar frå dei ulike partia fram mot stortingsvalet. Erfaring viser at langsiktige omsyn til miljøet fort blir ignorert til fordel for ynskje om kortsiktig økonomisk og politisk gevinst. Framtida er difor sjeldan lenger vekke enn neste val. Det er naudsynt å etablera ein politisk uavhengig institusjon som kan hjelpa dei som tar avgjerslene til å tenkja langsiktig. Dette organet skal ha stor fagleg integritet, det skal kunna knyta ulike fagmiljø og sektorar saman, det skal ha innsyn i alle saker som angår feltet, og det skal ta initiativ og til utgreiingar og undersøkingar.

Noreg har vore ein viktig aktør internasjonalt for å setja berekraft, miljø og klima på dagsorden. Me har også underskrive og ratifisert dei fleste internasjonale miljøavtalar. Det var FN sin Verdskommisjon for miljø og utvikling, leia av tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, som i 1983 fyrst definerte berekraftig utvikling. I deira sluttrapport ”Vår felles framtid” blir konseptet definert som utvikling som sikrar behova til den noverande befolkninga utan at dette går ut over grunnlaget til framtidige generasjonar til å dekka sine behov.

Etableringen av et Framtidsombud handler om solidaritet mellom generasjoner, og å i vareta ressurser og goder til de som kommer etter oss.

Etableringen av et Framtidsombud handler om solidaritet mellom generasjoner, og å i vareta ressurser og goder til de som kommer etter oss.

Framtidige generasjonar kan ikkje uttala seg. Dei kan ikkje røysta ved val og dei har inga økonomisk eller politisk makt. Konseptet om eit ombod går nettopp ut på at ein offentleg institusjon kan bli oppretta når ein enkeltperson eller gruppe manglar tilstrekkeleg sterke talspersonar i politikken. Noreg var det fyrste landet i verda som oppretta eit barneombod, og har no åtte ombod til saman. Me bør no halda i hevd omdømet vårt som eit føregangs-land innanfor sosiale rettar og miljø og oppretta eit framtidsombod.

Det er fyrste gongen Spire vel same hovudkampanje to år på rad, og me er no i startfasen av å vidareutvikla kampanjen. Grunnlaget er lagt av den førre kampanjegruppa, noko som gir den nye kampanjegruppa stor fridom i val av verkemiddel. Kampanjegruppa treng framleis engasjerte folk. Ta gjerne kontakt dersom dette er noko du (eller nokon du kjenner) er oppteken av, og om du kan forplikta deg til litt ettermiddags- og kveldsarbeid framover hausten. Me ynskjer dine innspel i kampanjearbeidet! Du vil få arbeidserfaring, møta engasjerte og hyggelege folk, og få moglegheita til å vera med å betra strukturar i det norske systemet og livsgrunnlaget for komande generasjonar.

Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med kampanjeleiar Lina Hamre på tlf: 924 29 868 eller på mail: hamre.lina@gmail.com

Les meir om kampanjen her.

Innlegg skrevet av Line Hamre & Synneva Laastad fra  Spires kampanjegruppe.

Advertisements