5.1% av jordbruksareala i Noreg er økologisk dyrka. Regjeringa ynskjer å auka denne prosenten slik at 15% av matproduksjonen og –forbruket vil væra økologisk innan 2020. Ein av skilnadane mellom økologisk og konvensjonelt landbruk er bruken av sprøytemiddel. Glyfosat er det mest brukte plantevernmiddelet i Noreg, men kva veit me eigentleg om det?

Løvetann fotografert av Nora G. Bækkelund

Løvetann fotografert av Nora G. Bækkelund

Den gjennomsnittlege årlege omsetjinga av glyfosat i Noreg i åra 2007-2011 var 300 tonn. Glyfosat er virkestoffet i mange sprøytemiddel. Av dei er Roundup det mest kjende. Stoffet er godkjend til bruk i Noreg og EU ut 2015. Når godkjenninga går ut vil det bli vurdert på nytt.

I fylgje mattilsynet er ikkje stoffet helsefarleg. Plantene tek opp i seg gifta gjennom blad og ande grøne delar som er over bakken. Rapportane som mattilsynet nyttar tyder på at glyfosat vert brote raskt ned i kontakt med jord, og at nedbrytingsprosessen går raskare ved høgare temperaturar. Stoffet er ikkje selektivt. Det vil sei at dei aller fleste planter, inkludert korn og grønsaker, døyr i kontakt med stoffet. Difor er det vanlegast å sprøyta etter innhausting.

Høymol fotografert av Nora G. Bækkelund.

Høymol fotografert av Nora G. Bækkelund.

I Noreg vert glyfosat hovudsakleg nytta på kornåkrar, og då særleg for å bli kvitt fleirårige ugras som kveike. I fylgje Oikos har bruken auka med nesten 300% dei siste 20 åra. Årsaka til dette er at pløying førte til jorderosjon. Før pløgde ein om hausten for å bli kvitt ugraset. No gjer glyfosat jobben. Ei gift som er både effektiv og ufarleg høyres for god ut til å vera sann, og det er den nok òg! Forskarar i mellom anna Frankrike og Argentina har gjort funn som tyder på at glyfosat, sjølv i små mengder, er skadeleg for menneskefoster. Bioforsk fann i 2005 ut at stoffet ikkje vert brote ned så raskt i kontakt med jord som Monsanto hevda, og at det spreidde seg raskare til vassdrag og grunnvatn enn ein tidlegare har trudd.

Diskusjonen går om uavhengig forsking, svertekampanjar osb, men like viktig er spørsmålet om kva som er alternativet. Matproduksjon verda over ser ut til å vera avhengig av glyfosat, men dei som driv økologisk greier seg utan. Samtidig ser det ut til at dei som driv konvensjonelt kan greie seg med mykje mindre glyfosat i framtida. I prosjektet REDUCE ved Bioforsk vert det forska på alternative måtar å bli kvitt ugraset utan å auka jorderosjonen. Mellom anna pløying om våren i staden for om hausten, vekselbruk og såing i ulik retning annakvart år gav gode resultat.

Lat oss berre håpa at Noreg og EU tek inn over seg forskningsresultata frå det siste tiåret, både dei om glyfosat og dei om alternative metodar for ugrasfjerning, og tenkjer seg om ein gong ekstra når dei i 2015 vil revurdera glyfosat og brukarretningslinene for stoffet!

Innlegg skrevet av Nora G. Bækkelund, Leder av Matutvalget i Spire.