Genmodifiserte Organismar (GMO) har verkeleg vore i vinden i det siste. Nettverk for GMO-fri mat, der Spire er med, arrangerte i samarbeid med ”Flatbread Society” og MAJOBO tre såfrøaksjonar i vår. Desse akjsonane skjedde på gardane Ommang søndre og Dørum, så vel som på ”Herligheten” i Bjørvika. 25. mai protesterte folk verda over mot Monsanto, og for omtrent ei veke sidan fekk Raudt ei ny vedtekt om GMO og patentlovgjeving på sitt landsmøte. Dei ynskjer mellom anna eit forbod mot GMO-ar som produserer eigne insektigifter, så vel som GMO-ar som er genmodifisert til å tåla spesielle sortar eller ekstra store mengdar sprøytemiddel. Dei vil òg har forbod mot patent på planter og dyr.

Matutvalget  hadde sin eigen aksjon, ein såkalla grilleaksjon, på Blindern 21. mai.

Frauke og Mari griller GMO-fri mat.

Frauke og Mari lager GMO-frie grillspyd.

Me stilte oss opp på Blindern med ein stor kulegrill og masse økologiske grønsaker. Grønsaksgrillspyda vart svært populære, og me fekk snakka med mange hyggelige folk som var meir eller mindre interesserte i GMO og/eller Framtidsombudskampanjen.

I staden for flyers, som har ein tendens til å bli kasta, lagde me ein plakat som kan vekka mange gode minner frå barndommen, og forhåpentlegvis setja i gang nokre tankar rundt genmodifsering.

Frauke og Nora i matutvalget opplyser Blindernstudentene om GMO.

Frauke og Nora i matutvalget opplyser Blindernstudentene om GMO.

bilde_Mari med grillspyd

Grillspyda vart lagd med presisjon og pensla med olivenolje.

bilde_mat på grill

Dei vart kjempegode!

bilde_grilling i aksjon

Skrevet av Nora G. Bækkelund, koordinator for matutvalget