Ungdomsdeltaking er noko vi i klimautvalet til Spire jobbar med. Dette spesielt i forbindelse med klimatoppmøter. Det er mange grunnar til at vi meinar at dette er viktig å jobbe med. Eit av argumenta som ofte vert nytta er det med at det er vi som er framtida, og det er vi som skal ta over, difor det essensielt at vi er med no, slik at vi kan påverke og vere del av å forme den framtida vi ynskjer å leve i.

18 år gamle Merna Ghaly fra Egypt holder en intervensjon på vegne av sivil samfunnet under fjorårets klimatoppmøte i Doha. Foto: Spire

18 år gamle Merna Ghaly fra Egypt holder en intervensjon på vegne av sivil samfunnet under fjorårets klimatoppmøte i Doha. Foto: Spire

Dette er eit svært viktig argument, for kvifor skal dei som ikkje møter konsekvensane av sine beslutningar i det heile tatt vere i førarsetet når desse beslutningane vert tenke?

Vidare er det også eit argument at vi er unge og vi er idealistiske. Vi belagar oss på forskning og ikkje politikk når vi set krav til framtida vår. Vi jobbar for å få fram vitenskap og for at det ikkje berre skal bli gode løysingar for dei som lever i dag, men og dei som kjem etter oss, vi jobbar mot ei bærekraftig utvikling.  I tillegg jobbar dei fleste av oss heilt gratis, altså har vi ikkje ein økonomisk agenda i bakhand. Vi tek ikkje omsyn til at store selskap ynskjer å tene meir og vi tek ikkje omsyn til at politikarar berre tenkjer fram til neste val, altså fire år om gongen. Vi ser på levestandard og på utvikling, vi forsøker å putte ting i perspektiv og vi forsøker å inkludere stemmer og synspunkt som ikkje alltid har mulighet til å rope like høgt som oss.

Det er her arbeidet vi no driver med i Spire kjem inn i bilete. Vi er no i gang med å nok ein gong søke støtte for at ikkje berre norsk og nordisk og vestleg ungdom skal delta på klimatoppmøte, men og for at ungdom frå alle stader i verda i større grad skal ta del i dette svære maskineriet som avgjer vår felles framtid. Det er desse ungdomane som i størst grad kjenner på kroppen dei utfordringane klimaendringar fører til.  I tillegg er det dei som lever i land der styresmakter ikkje alltid når ut til dei som treng det mest.

Aksjon om Robin Hood skatten under fjorårets klimatoppmøte i Doha. Foto: Spire

Aksjon om Robin Hood skatten under fjorårets klimatoppmøte i Doha. Foto: Spire

På fjorårets klimatoppmøte blei ungdomsdeltaking på klimatoppmøtet samalikna med ungdomsdeltaking på fotball cupar, som til dømes Norway cup. Det er fantastisk at ungdom frå forskjellige stader i verda får støtta reise og opphald for å delta på norwaycup, men det er heilt uforståelig for meg at dette blir sett på som ein selvfølge medan ungdomsdeltaking på klimatoppmøte blir sett på som noko som vi kanskje burde støtte, men at det ikkje er så sentralt.

Problema er store og komplekse og løysinga er ikkje lett, men det skulle i mine auge bety at inkludering av dei som blir hardast ramma er dess meir sentral. Spire er lukeleg for å vere med i prosessen der fleir blir høyrd i ei så viktig sak som klimaproblematikken, det er kult at ungdom blir med og det er kjempe kjekt å sjå korleis slike muligheiter blomstrar til vidare engasjement hjå dei som får muligheten til å delta.

Dersom du synes dette er interessant, så ta gjerne kontakt (kineispire@gmail.com)! Vi i klimautvalet er på jakt etter fleir engasjerte sjeler som har litt tid til å vere med på eit svært inspirerande arbeid!

Møte i ungdomsgruppa for finans under fjorårets klimatoppmøte. Foto: Spire

Møte i ungdomsgruppa for finans under fjorårets klimatoppmøte. Foto: Spire

Qatars første lovlige demonstrasjon i moderne tid under fjorårets klimatoppmøte. Foto: Spire

Qatars første lovlige demonstrasjon i moderne tid under fjorårets klimatoppmøte. Foto: Spire

Ungdommen sa nei takk til en dårlig avtale under fjorårets klimatoppmøte i Doha. Foto: Spire

Ungdommen sa nei takk til en dårlig avtale under fjorårets klimatoppmøte i Doha. Foto: Spire

– Skriven av Kine Gjerstad Eide, klimautvalgskoordinator