Fossil of the day award

Ja, vi er visst alle like vi frå «the norwegian countries» oppe i nord ein stad. Fantastisk nok blei eg kjempe glad for at nokon lurte på om eg var frå Russland. Dei trengte ein person som kunne stille opp på ‘fossile of the day’. Dette er ei premieutdeling der det landet som har gjort det dårligast gjennom klimaforhandlingane får tildelt premie. Dette er innimellom ein premie som mange nasjonar ofte må dele mellom seg. Forhandlarar kjem ikkje å mottek prisen sjølv, så det nederlaget tek ungdommen på seg. Det er viktig at beslutningar som er til hinder for forhandlingane eller som motarbeidar målet med å hindre skadelege klimaendringar ikkje blir gjøymd bort frå sivilsamfunnet.

Den 26. november var det heile fem land som saman tok førsteplassen, Russland, Canada, Japan, USA og New Zealand. Kvifor dei fekk desse kan lesast om her. Sidan då har Tyrkia, Canada for andre gong og Polen motteke førsteplassen på Fossile of the day utdelinga.

Ellers kan eg fortelje at dagane går fort og at det er ufatteleg mykje spannande som skjer. Nytt blogg innlegg kjem snart, så stay tuned!

 

– Skriven av Kine Gjerstad Eide, Klimautvalgskoordinator