Sand, sand, sand og ikkje minst nokre oljeinstalasjonar så langs auget kunne sjå var det første som møtte oss då vi tidleg fredags morgon flaug inn over dette fantastiske eventyrlandet. Her er taxi billeg og alkohol sparsomt. Ser ein på klimagassutslepp per person, så er dette landet på topp i verda og no er det vertskap for årets klimatoppmøte.

Stolt med pink badge! Foto: Spire

Pink badge!
Eg er igjen deltagar, denne gongen med pink-badge, eller rosa skilt. Det betyr at eg er med i den utvida norske delegasjonen og at eg dermed kanskje kan få vere med på litt meir enn i fjor. Spannande og litt skummelt! No skal verdas framtid diskuterast.Med tanke på at dette blog inlegget skal omhandle klimaforhandligar og ungdomsdeltaking, så anbefallar eg at dersom du ikkje forstår alle orda eller uttrykka, så gje meg ein lyd, min mail er g.kineide@gmail.com. Eg har forsøkt å leggje til link med forklaring på nokre, men når ein lever i denne bobla er det lett å bli nerd.

Fotoshot i Solskinn på Qatar Foundation Education Center. Foto: Spire COY 8
Helga gjekk med til COY 8, ein ungdomskonferanse som finn stad helga før klimatoppmøtet kvart år. Her var det workshops, talar, oppvarmingsleikar og mykje meir. Eg skal, som i fjor jobbe med klimafinans, eller finansiering
av klimatilpasning og utsleppskutt i utviklingsland. I ungdomsnettverket YOUNGOer det mange av oss som meinar dette er viktig og vi har no hatt tre møter der vi har kome litt i
gang med vårt felles arbeid.
Egenskapane YOUNGO finansgruppe har. Foto: SpireSpontan fasilitering
På laurdag var planen å delta på ein workshop som skulle ta føre seg ‘the finance gap’. Den forenkla versjonen er slik: Rike nasjonar har lova 100 milliardar dollar årleg frå 2020 som skal gå i eit fond for tilpasning og utsleppsreduksjonar i utviklingsland. Dette utan å sei noko om korleis dei skal greie å komme ut med så mykje

Kine fasiliterer den YOUNGO finans gruppe. Foto: Spire

pengar, altså er det eit lite gap her. Uheldigvis stilte ikkje personen som skulle holde denne workshopen opp. Dermed hoppa eg ned på gulvet og spurte om nokon hadde noko i mot at eg overtok. Eg kjende pulsen stei
g litt idet eg starta, men med slike fantastiske folk i salen, så gjekk det nesten knirkefritt. Dette blei det første møtet i noko som på sundag blei ei fullverdig finansgruppe.
Stort!Liten Spire, STORT konferansesenter! Foto: Spire
No er altså grunnlaget lagt for dei to neste vekene. Kjensla av at dette er stort og viktig slo meg då eg ankom konferansesenteret i dag tidleg. Denne byggningen er gigantisk. Det er hallar, møterom og kafear overalt. Vi gjekk i omlag 20 minutt før vi kom fram til staden der spokes council vart holdt. No sitt eg å ventar på svar frå Mette for å finne ut kvar i denne labyrinten ho befinn seg. Benyttar tida til å skrive blogg og lese på ein rapport om finans, det er kult!

– Skriven av Kine Gjerstad Eide
Advertisements