”Lusaka does not, perhaps, lend itself to the traditional city tour, but it does nonetheless deserve a day or two of browsing”. Slik opnar guidebokas kapitel om Lusaka. Med vissa om at dette skulle vera vår heim, ikkje ein eller to, men dei neste 96 dagane, var det såleis med ein viss skepsis me sette våre føter i Zambias hovudstad.

Vårt flotte mintgrønne hus. Foto: Spire

Me bur i eit mintgrønt hus i ein bydel kalla Chelstone. Lizzie meiner det må vera fyrste gong kvitingar, eller mzungus, bur i nabolaget, noko reaksjonane til dei me møter her for så vidt støttar. Men me er godt tekne imot. Særleg av nabolagets myggstand, som har feira ein slags heidensk ramadan sidan me kom, der dei godtar seg i eksotiske norske delikatesser etter solnedgang. Myggmiddel legg på ingen måte nokon dempar på festen.

Normenn vs. Nshima: 0-1. Foto: Spire

Mellom ganske nøyaktig klokka 9.15 og 17.30 er huset vårt vasslaust, med dei keisame konsekvensane det har for kvardagslege syslar. Mangelen på vatn gjorde at me kjende oss hjelpelause og handlingslamma den fyrste dagen, før me tenkte på kva McGyver ville gjort i ein liknande situasjon. No samlar me vatn i bøtter, baljar og tomme 5-litrar og klarar oss utmerka. Dessutan kan ingen fella oss på truverd når me skriv om uforutsigbar tilgang på vatn i brosjyren vår.

Det mintgrøne huset har også straumbrot med jamne mellomrom. Dei varar kanskje nokre timar, og er fine anledningar til å hengja myggnettingen opp i treet i bakgarden og sjå på stjernene og lytta til ulinga frå dei herrelause hundane. Det har me ikkje gjort endå, men me skal gripa sjansen neste gong me er straumlause, og det kjem heilt sikkert til å bli finare enn å sitja i bekmørket og ergra seg.

Bussglede. Foto: Spire

Kontoret til YEN ligg midt i smørauga i Lusaka sentrum, og er plassert på ein slik måte at det har absolutt ingen gjennomtrekk, men heller oppnår ein drivhuseffekt. Billy, Dennis og Evans, dei tre karane som til vanleg oppheld seg på kontoret, verkar upåverka av dette. Men sidan termometeret viser kring 33 grader i utgangspunktet, gjer det staden
uleveleg for nordmennene. Me jobbar difor frå huset når det ikkje er særskilde ærend som gjer bybesøk naudsynt.

Det gjer også at me slepp å ta bussar kvar dag. Med bussar meinast her privateigde Toyota Hiacar som ikkje blir sete i gir før kvart av dei 18 ”passasjerseta” er fylte. Å sitja slik oppå kvarandre med bøygd hovud i ein halvtime er lettare frustrerande. Særleg når du veit at du berre er halvvegs i reisa di inn mot sentrum. Dei lokale synest nok dessutan at det er ganske ekkelt å sitja attmed oss, sidan dei opphovna myggstikka kan
gi inntrykk av at me lir av ein smittsam hudsjukdom.

Mygg-glede. Foto: Spire

Som de forstår har ikkje den fyrste tida vore av det mest produktive slaget reint prosjektmessig. Utfordringar i startfasen er heldigvis teke med i kalkulasjonane til koordinatorane våre, så me kastar ikkje inn handkledet nett endå. Dei neste vekene skrur me opp arbeidsmengda, for som ei glup kvinne ein gong sa: ”Det er med arbeid me fram skal vinna; i arbeid skal me vår æra finna”. Og æra klamrer me på, her me sit som to hillbillies inne i huset vårt med bandana og bikini, chips i den eine handa og ingefærøl i den andre.

Eit par tilpassingsvanskar til trass, lat det ikkje vera tvil: Når me i skumringa køyrer nedover Addis Ababa Road med blømande Jacaranda-tre langs vegen og vinden ruskande i håret, då kjenner me ei salig lukke over å vera i Lusaka. Mr. Guidebok bomma fatalt då han hevda byen ikkje fortener meir enn eit to dagars besøk.

– Lina