Då har eg vore organisatorisk nestleiar i om lag eit halvt år allereie. Tida går svært raskt og raskare vil ho gå no som det skjer så mykje spannande i organisasjonen.

Vi er ein organisasjon i vekst og det er godt, samstundes legg det press på dei ressursane vi har.  Hand i hand med mykje flott politisk arbeid går arbeid med å leggje til rette for at dette arbeidet kan bli oppretthaldt og auka i framtida. Det merkast godt no at det er meir som skjer i kulissane enn det ein ved fyste augenkast legg merke til når ein er ny i ein organisasjon som Spire.

Noko som er heilt fantastisk som har skjedd i det siste er at vi har fått oss nytt kontor. Takk til utviklingsfondet for det! Vi er sjølvsagt strålende fornøgd ettersom det nye kontoret er noko slik som fire gongar større enn det gamle. Det merkast på dei som nyttar seg av kontoret at det er deilig å ha plass til å setje seg ned utan å vere i vegen for andre, samstundes inspirerar og denne auka plassen til at ein faktisk sit på kontoret nokre timar ekstra i veka, kommunikasjonen flytt litt betre og for min eigen del, så merkar eg at eg rett og slett har litt meir lyst å jobbe med spire saker.

Lyst til å jobbe med Spire saker har eg vel eigentleg alltid hatt, og godt er det, for med omlag fire til fem møter kvar veke, så er det viktig at arbeidet er interessant, går på fram og er litt utfordrande. I det siste har eg jobbar med verving, nettsider, styrke samarbeidet mellom lokallag og utval, oppdatering av diverse materialer, og mykje meir.

Visste du at Spire skal reise på besøk til forskjellige vidaregåande og folkehøyskular i løpet av hausen og vintaren? I tillegg skal vi ha vervekonkurranse i heile november der ei kan vinne flotte premiar. Det blir premiar både til dei som vervar og til dei som blir verva, så her er det berre til å hive seg rundt og begynne å varme opp vener og kjente slik at dei i løpet av vervemånaden blir Spiremedlemar. Vi treng både aktive og passive medlemmar. Tenk, for berre er 50 kroner i året så støttar du verdas flottaste organisasjon, det er så lite av sjølv studentar stort sett har råd!

Legg ved eit bilde at konvolutten eg fekk for omlag eit år sidan som innehaldt Spires medlemspakke. Ein liten ting som varma veldig. Det er slik Spire er, ein liten organisasjon med mykje godt!

Foto: Spire

– Kine Gjerstad Eide (organisatorisk nestleiar)