No er det ferdig. Forhandlarane greide endeleg å bli samde ca. kl. 05.30 i natt. Det vart ei lang natt med andre ord. Eg greier ikkje heilt å bestemme meg for om eg er glad eller trist med tanke på utfallet.

Det nye Grøne Klimafondet
Adopted! Yes! Nøgd med at partane i forhandlingane greide å bli samde om å opprette fondet. Måtar fondet skal bli fylt opp på har derimot ikkje vore så viktig å kome fram til. Eit tomt fond hjelper ingen, så her må det kome klare og ambisiøse tiltak så snart som mogeleg. Land og personar som allereie er ramma av klimaendringar har ikkje tid til å vente lenger.

Ny binande avtale
Ein ny binande avtale skal lagast klar til 2015, deretter skal den ratifiseras før den skal tre i kraft i 2020. Supert at alle partane blei samde om dette. Veldig lite supert at dei ventar heilt til 2020 når vitskapen så tydeleg seier at så lang tid har me ikkje! Det er mindre kult når ein sitt igjen med ein følelse av at den ’eldre garde’ tek sjansar med framtida mi. Like lite kult er det å vite at sjølv om eg i framtida kan kome til å slite, så er det allereie millionar av folk som er ramma av klimaendringar. Det skjer ikkje i 2020, det skjer NO!

Vi ville så gjerne sjå ein ny avtale tre i kraft seinast i 2017, sjølv om dette og er seint. Likevel visar dette tydeleg at det er utruleg viktig at vi no står saman og ’pusher’ på heimebane. Norge, så vel som andre land må greie å få til reelle utsleppskutt sjølv om ein ny avtale ikkje enno har trådd i kraft. Vi kan ikkje vente til 2020.

Kyoto-avtalen
Kyoto-avtalen blei vidareført. Altså blir det ein annan forpliktings periode. Det er mange som syns at dette er tåpelig i seg sjølv, ettersom dei CO2 utsleppa som er omfatta i avtalen berre dekkjer omlag 15% av verdas totale utslepp. Likevel vil eg påpeike at dette er den EINASTE binande avtalen me har. I mangel på alternativ kan ikkje verdien av denne avtalen berre målast opp mot mengde utslepp, men og mot lands ansvar og vilje til iverksetjing av tiltak.

Likevel skal det ikkje feiast under ein stol at den nye forpliktings perioden som skal starte i 2013 ikkje er optimal sjølv for dei nasjonane som har tilslutta seg avtalen. Det er enno ikkje bestemd om avtalen skal ende i 2017 eller i 2020. Dette blir sannsynlegvis bestemt på klimatoppmøtet i Qatar til neste år. Slik det står no trur eg at dei kjem til å bestemme seg for 2020. I utgangspunktet ville vi gjerne at avtalen skulle ende i 2017, men ettersom året for ein ny binande avtale er sett til 2020, vil vi no heller sjå at Kyoto varar fram til dette. Vi kan ikkje ha tre år utan nokon som helst avtale. Det har vi ikkje råd til!

Avsluttande kommentar frå bloggaren
Alt i alt er eg sliten og syns det er tung og vanskeleg å forstå korleis verdas leiarar kan gå imot vitskapen slik dei no har gjort. Likevel er eg glad for at det er vist evne til kompromiss og dermed avtalar. Dette tek for lang tid, men det er viktig for meg å fasthalde litt på små lyspunkt.

Til sist vil eg igjen poengtere at vi må arbeide for utsleppskutt her heime! Det er her vi har lettast for å få våre stemmer høyrd og me veit kva som står på spel!

(Interessert i å bidra på nokon som helst måte? Klikk her for å støtte og her for å bli aktiv.)

Skriven av Kine