No har vi endelig møtt sjølvaste Erik Solhem. Han verka trøtt, men positiv. Det må vera slitsamt å vera miljø- og utviklingsministar på klimaforhandlingar!

Spire stilte med plakatar og julekort, NU laga song, og Changemaker ordna med t-skjorter. Bra det fins mange flotte ungdomsorganisasjoner i Noreg! Alt i alt vart dette eit flott lite møte med ein minister som longt i frå er ferdig med slitsome dagar her i Durban.

Me troppa opp og i like t-skjorter og når han kom fekk han vite at me hadde ein beskjed til han, deretter stemde me i kor og song for alle til stades. Etter songen fekk Solheim ei t-skjorte før me fortalde litt om kva som er viktigst for oss;

Ei trygg framtid!

For å få det, er det spesielt tre ting som vi meiner må til:
– ny forpliktelses periode i Kyoto
– ei ny verdsomfattande klimaavtale
– opprettelsen av det nye grøne klimafondet

Alle hadde vi skrive på julekort som Solheim fekk. På nokre av korta hadde me skreve julehelsingar, medan andre inneheld juleønsker. Desse håpar me han tek med seg og at han ser på innimellom når forhandlingar går litt treigt, då vil han hugse at han har mange som heiar på han og som vil at han skal fortsetje!

Skriven av Kine Gjerstad Eide