Her kommer en oppdatering fra meg igjen. Jeg kan forresten kort fortelle at jeg er Kine Gjerstad Eide og at jeg vanligvis ville skrevet på nynorsk. Fra før har jeg lagt ut tre blogginnlegg i bloggen til Spire, disse er Det nye grønne klimafondet, Den tredje dagen og Det skrives! Nå er jeg lei av å skrive bokmål så da må dere nok bare holde ut med min fantastiske nynorsk heretter.

I dette blogginnlegget var min tanke å fortelje litt om korleis mine førebuingar opp mot klimakonferansen har vore. Utdanningsmessig er eg på riktig veg, eg studerar utviklingsstudier ved Universitetet i Oslo og har der ei fordjuping innan klima og miljø.

I Januar i fjor vart eg overtala av ei venninne til å bli med på ein filmvisning som Spire hadde. Dei viste ein film om frøbanken på Svalbard, ein lærerik men også til dels deprimerande film. Eg blei med i Spire noko som raskt fall i smak! Dersom du ikkje enno har lest om Spire og kva vi driv med kan du gjere det her. Klimaendringar har store konsekvensar over heile verda, ei verd eg i aller høgaste grad syns det er verd å ta vare på. Syns du det og? I så fall bør du sjekke ut denne filmen.

Flaumar og oversvømmingar, orkanar og tsunamuar, hetebølger, ekstrem nedbør og ikkje minst tørke er noko av det vår kjære verd kan forvente seg meir av framover. Menneskeheita har greidd å skape eit slags monster som vi ikkje ser ut til å ville temme. Eg treff ofte folk som meinar at det ikkje er vist eller at klimaendringar er noko som skjer uansett. I og for seg er det sant, klimaendringar skjer uansett, forskjellen er no at klimaet endrar seg stadig raskare, som eit resultat at menneskelige aktivitetar. Det førar til store og alvorlege konsekvenser både for menneske og dyr. Eg jobbar med det eg kan, så håpar eg alle andre og hjelper til.

I September var eg med på ei førebuande helg i Brussel der ungdom frå Europa kom saman for å lære seg om klimaforhandlingane og ikkje minst for at vi skulle etablere oss litt i nettverk som allereie var til stades. Denne helga var fantastisk! Eg lærte utruleg mykje, samt at det gav motivasjon for vidare arbeid.

I løpet av Brusselhelga hadde vi klima-speed-dating, oppsummering av våre bekymringar i forhald til klimaet, samt løysingar, forhandlings-simulering og ikkje minst workshops der vi valde grupper som arbeida med forskjellige temaer.

Eg vart med i finansgruppa, dette fordi det handla om finansiering av tilpassing til klimaendringar, noko eg finn svært viktig. Samstundes var dette eit område eg følte at det var nyttig å lære om. Vi tok for oss det nye grøne klimafondet lærte oss mykje om dette samt dei problema som på det tidspunktet var aktuelle.

Etter Brusselhelga blei det mykje lesing på eigenhand, så her er nokre linkar eg anbefallar dersom du har lyst å gjere deg litt kjend i klimaforhandlingar, prosessar og mykje anna som foregår rundt:

http://drhutley.wordpress.com/unfccc-training/
http://unfccc.int/meetings/durban_nov_2011/meeting/6245.php

Håpar dette var litt nyttig og at du får lyst å lese meir!

Skriven av Kine Gjerstad Eide