dsc_16193Verda treng politikarar som viser leiarskap i klimasaken.

 

Av: Elisabeth Veivåg Helseth

Dei siste vekene har medlemslanda i FN vært samla i Poznan for å diskutere ei utfordring som er felles for alle på jorda: korleis kan me hindra vidare global oppvarming og ytterlegare klimaendringar. Ein kunne jo tenka at det var enkelt å komma til ei løysing, det er jo berre å gi og ta litt, og gjera nokon kompromiss, så vil kutt i klimagassutslepp væra eit faktum. Men slik er det dessverre ikkje. Utgangspunktet til dei som samla i Poznan er nemleg så vidt forskjellig. Nokon land har pengar, makt og ressursar til å takla klimaendringane, i alle fall i nærmaste framtid. Mens andre land allereie dagleg møter problem som resultat av global oppvarming, men står utan midlar til å tilpassa seg. Rettferdig? Det er enkelt å skjønna at største del av ansvaret for den menneskeskapte globale oppvarminga ligg hos dei industrialiserte landa. Og i forlenginga av denne innsikta forstår me at utviklingsland har svært vanskeleg for å akseptera eventuelle krav om at dei må forplikta seg til utsleppskutt.

 

Det er fattige menneske i Sør som blir ramma hardast av klimaendringane. Her i Noreg slepp me, foreløpig, billeg frå det heile. Litt mindre snø. Litt meir regn og surt ver. Nokon ukjente, kanskje til og med tropiske, dyreartar som tar turen til det kalde landet vårt. Men uansett kva utfordringar me måtte møta her, har me jo godt utbygd infrastruktur og eit stort lager av pengar å ta av. Berre litt guffent å tenka på kvar dei pengane kjem frå då. Olje- pengar. Det seier seg sjølv at det følgjer eit vist ansvar med rikdommen vår.

 

Samstundes som dei fleste politiske leiarane i rike, industrialiserte land skjønnar at dei må redusera utslepp av klimagassar, er dei svært motvillege. Det å ikkje kutta i klimagass- utslepp vil i framtida få alvorlege konsekvensar for verdsøkonomien, men det er pr i dag ein nasjonal risiko knyta til å forplikta seg til utsleppskutt. Denne risikoen ville naturleg nok bli redusert ettersom fleire land inngjekk i ein global avtale. Difor er det viktig at nokon går foran og tar initiativ.

 

Det er dei industrialiserte landa som sitter med trumfkorta i dei internasjonale klimaforhandlingane. Men dessverre viser desse landa skremmande lite vilje til å investera i viktige områder som klimatilpassing og teknologioverføring. For utviklingslanda er finansiering av klimatilpassing og ’grøn’ teknologi svært avgjerande i ein internasjonal avtale. Det er ingen grunn til at utviklingsland skal følgja i våre, miljø- øydeleggandes, fotspor. Utan vilje til å bidra med finansiering, vil industrialiserte land møte lite forståing frå utviklingsland i desse og vidare forhandlingar. På Bali i fjor kom Noreg med eit viktig bidrag til bevaring av regnskog. Fram mot København 2009 er det avgjerande at Noreg også bidrar med betydeleg finansiering til klimatilpassing og teknologioverføring. Noreg kan markera seg som eit tydeleg føregangsland i klimasaken, og dette er eit ansvar den norske regjeringa bør ta på alvor.

 

2009 må bli året for å setta søkelys på  konsekvensane klimaendringar har for mange fattige i utviklingsland. Spire meinar at ein sterk klimaavtale bør bli signert i København 2009, og at politikarane bør væra lovmessig forplikta til dei løfta dei gir i førehald til kutt i klimagassutslepp. Ei klimalov er allereie snart på plass i England, og andre europeiske land ser no på mogleikane for å innføra ei slik lov. Noreg bør vera offensivt ute i klimasaken, og størstedelen av norsk utsleppskutt bør takast heime. Det er på tide å ta ansvar.

Advertisements